Vil gje minst 5 mill. til «robotspleis».

Leiar av representanskapen , Helge Kjøll, uttaler at GassOR IKS vil bidra med minst 5 millionar til operasjonsrobot SNR Hjelset.

Fredag 29.05. kom nyheita om at «kamp mot kreft» gir alle inntektene frå minnekampen for Åge Hareide til operasjonsrobot SNR Hjelset.

Ein av dei som blei svært glad då dette blei kjent var leiar av representantskapet i GassROR IKS og ordførar i Aukra Helge Kjøll jr.. Allereie i 2025 signaliserte han at GassROR, fondet som i hovudsak er finansiert av eigedomsskatt på Nyhamna, ville delta i finansieringa av ein slik robot.

I samband med overrekking av den siste delen av gåva på 70 mill. frå GassROR i høve bygginga av SNR sa Kjøll at  «…sjukehuset må ha best mogleg teknologi, og rekruttere dei beste fagfolka. Vi står klare til å starte med finansieringa av operasjonsrobotar.»

Kjøll seier at GassROR ikkje har gjort noko endeleg vedtak i saka, men at representantskapet og styret har signalisert vilje til å bidra med minst 5 millionar kroner i spleiselaget.

Kor stort vårt bidrag blir er avhengig av kva andre aktørar bidreg med seier dagleg leiar i fondet Ole Helge Haugen. Han opplyser at dei er i dialog med andre som ønskjer å bidra, og deler Hustad sitt mål om å kome i hamn med finansieringa i løpet av året. Samtidig oppfordrar han alle som vil bidra i spleisen om å komme på bana.

Del artikkelen

Flere artikler