GASSROR IKS – ein strategisk og økonomisk motor for utvikling av Romsdalsregionen.

Historia bak GassROR IKS er ei spanande historie om kva ein kan få til når ein samarbeider om lokalisering og ikkje berre sloss for sitt lokale alternativ. Ikkje berre fekk regionen eit stort industrianlegg på Nyhamna, med dei positive verknader det har for regionen, men ein har og fått tilført over 400 mill. til regionale utviklingstiltak - fram til no. Les Helge Kjøll jr., ordførar i Aukra og leiar i Representantskapet sine tankar om dette.

Historia bak

Historia bak etableringa av GassROR IKS er spanande industrihistorie. Det er og eit godt eksempel på kva ein kan oppnå ved eit nært, godt og strategisk samarbeid. Prosessen bak og etableringa av GASS ROR IKS er det ein kan kalle ei suksesshistorie.

Historia starta då Møre og Romsdal fylke tok initiativ til prosjektet «Ormen til Møre». Det  blei etablert fleire alternative ilandføringsstader i fylket og dei enkelte kommunar og grupperingar arbeide for sitt alternativ. Den 16.november 2001, på eit møte i Bud, blei det inngått ein samarbeidsavtale mellom Aukra kommune og kommunane Molde, Midsund og Fræna. Samarbeidet fekk namnet Gass ROR og avtalen vart omtalt som Samarbeidsavtale 1. Starten på noko spennande hadde begynt.

Nyhamna valt som ilandføringsstad

14.mars 2002 vart Nyhamna i Aukra kommune valt som muleg ilandføringsstad for Ormen Lange og skulle no konkurrere mot eit reint offshoreanlegg. Ein bestemte no å lage samarbeidsavtale 2 der Eide kommune, Sandøy kommune og Møre og Romsdal fylke formelt vart inviterte inn som medlemmar. Denne avtalen var underskriven av ordførarane på Rica Seilet i Molde 5.november 2002. Samarbeidsavtale 2 vart gjort gjeldande fram til Stortinget gjorde vedtak og godkjende Ormen Lange utbygginga 2.april 2004.

Hovudpunkta i avtalen var:

  • Alle kommunane skulle stå saman om og arbeide i fellesskap for at gassen frå Ormen Lange skulle bli ilandført til Nyhamna i Aukra kommune i staden for ei offshoreløysning.
  • Dersom det ikkje ble ilandføring skulle dei utgiftene Aukra pådrog seg i arbeidet dekkast av alle 6 kommunane.
  • Dersom det blei ilandføring skulle det opprettas eit regionalt fond som skulle brukas til næringsutvikling i Romsdalsregionen.
  • Fondet skulle finansierast med ein del av dei meirinntektene kommunane fekk i samband med lokalisering av gassbehandlingsanlegget på Aukra.
Gassen kjem i land

Stiftingsmøte

På stiftingsmøtet for dagens GassROR IKS 16.desember 2005 blei ordførar i Aukra, Aud Mork, valt som leiar. Representantskapet valde rådmann i Aukra kommune, Ole Bjørn Moen, som selskapet sin første styreleiar. Ein valde å organisere seg som eit interkommunalt selskap (IKS). Styrken med denne selskapsforma er at kommunane har politisk styring gjennom representantskapet og sine valte politiske utsendingar. GassROR IKS inngjekk og ein avtale med Aukra Næringsforum om forretningsførsel. Dagleg leiar i Aukra Næringsforum, Steinar Melbø, vart tilsett som selskapet sin første daglege leiar med forretningsadresse Falkhytten, 6480 Aukra.

Frå selskapet sine vedtekter, framgår det at verkeområdet skal være avgrensa til prosjekt og tiltak som eigarkommunane har nytte av. Selskapet sitt formål skulle vere å medverke til utvikling av;

  • Infrastruktur (veg, flyplass, sjøvegstrafikk, breiband, vatn – og gassforsyning)
  • Tilrettelegging for næringsutvikling (generelle utviklingstiltak, utgreiingar, industriområde, kunnskapsinfrastruktur)
  • Forskings -og utviklingsprosjekt
  • Aukra som framtidig gassknutepunkt og bruk av gass i heile regionen

Finansiering av selskapet

Frå vedtektene til GassROR IKS går det fram at kommunane skal overføre eit årleg tilskot til det interkommunale selskapet tilsvarande 10% av eigedomsskatten kommunane får som følge av Ormen Lange utbygginga. Som eit minimum skal kvar eigarkommune betale inn 25 kroner pr. innbygger pr 01.01. i budsjettåret.

Det høyrer også med til historia at når Aukra gjekk «til topps» i kampen om å få Ormen Lange, låg det forventingar til at Aukra kommune skulle gje eit  økonomisk bidrag til eit regionalt utviklingsfond. Det var og klare signal om at Aukra med sine meirinntekter frå eigedomsskatten på Nyhamna, bør yte ein nominell større del enn dei andre medlemmane. I dag bidreg Aukra kommune med ca.25mill kr inn i GassROR IKS.

Frå Aukra si side var det viktig å seie ja til denne forventninga fordi ein såg på dette som ein sjanse til å utvikle ein sterk region, med tanke på utvikling innanfor næringsliv, samferdsel, infrastruktur,  utdanning og forsking. Ein hadde og tru på at eit slikt regionalt utviklingsfond kunne føre til ein styrka bu -og arbeidsmarknadsregion. Tanken var; «Det som er godt for regionen er godt for Aukra».

Nyhamna i drift

5.sept. 2007 vart dagens samarbeidsavtale, Samarbeidsavtale 3 vedtatt. Når gassterminalen på Aukra vart satt i drift i oktober 2007 var dette innleiinga på ein ny og viktig epoke for regionen vår.

Formålet med samarbeidsavtalen var mellom anna eit ønska om å strukturere samarbeidet og utnytte og vidareutvikle gassterminalen på Nyhamna i Aukra. Dette for å skape positive og langsiktige ringverknader for regionen.

Det har ein lykkast med og etter at landanlegget på Nyhamna vart satt i drift var resultatet av fase 1, bygging, etablering og oppstart av eit stort og viktig industrieventyr i gang. Dette eventyret har utvikla seg både med ein fase 2 og ein fase 3. Ormen Lange fase 2 omfatta framtidig kompresjon, fleire brønnrammer og produksjonsbrønnar. Fase 3 som vart opna 6.mars 2025 er eit prosjekt som vil auke utvinninga frå Ormen Lange  feltet frå 75 til 85 prosent, samtidig som gassproduksjonen frå feltet blir forsert. Dette prosjektet bidreg til å oppretthalde gassforsyninga frå Norge til Europa. Ei gassforsyning som er viktigare enn nokon gong i eit sikkerheitspolitisk perspektiv. Det ligg utvilsamt mykje innovasjon, forsking og teknologiske nyvinningar bak utviklinga av Nyhamna og Ormen Lange. I dag jobbar det 120 personar i Shell og ca. 240 personar frå andre firma ved dette anlegget. Her blir store verdiar skapt og anlegget bidreg til sikker gasstilførsel til Europa.

Strategisk plattform

Gass ROR IKS styrer i dag etter selskapet sine vedtekter og den strategiske plattforma som var vedtatt 01.12.2023. Dette er ei plattform som har som ambisjon å aktivt bidra til samfunnsutvikling og næringsutvikling i regionen. Plattforma har følgande tre satsingsområde:

  1. Innovasjonsdrivar
  2. Regionbyggar
  3. Utløysande faktor i strategisk samarbeid

Selskapet blir i dag leia av Ole Helge Haugen. Styreleiar er kommunedirektør i Hustadvika kommune, Per Sverre Ersvik, og leiar i Representantskapet er ordførar i Aukra kommune, Helge Kjøll jr

GassROR IKS sitt bidrag til regionen

Det første store prosjektet i GassROR IKS blei vedtatt 24.mai 2006 . Selskapet forplikta seg til å dekke kostnadene for bygging av ny veg ved Haukebøen ut over det som Statens Vegvesen og Molde kommune hadde forplikta seg til.  Frå og med 2007 betalte selskapet inntil 5 mill kr pr år fram til prosjektet var nedbetalt. GassROR IKS sitt totale bidrag i dette prosjektet kom på 75 mill kr.

Andre viktige bidrag til regionale prosjket:

  • Finansiering av utvidinga av rullebanen på Årø Lufthavn, Molde. 30 mill kr.
  • Dekke utgifter Aukra kommune har hatt i samband med vatn til Ormen Lange, 6 mill kr.
  • Støtte til Møreaksen AS
  • Støtte til etablering av Gassknutepunkt Aukra, i dag Energiknutepunkt Aukra
  • Høgskolen i Molde – 7,5 mill kr til å auke talet på doktorgradsstipendiatar
  • SINTEF Nordvest – 1,3 mill kr til prosjekt FOKUS
  • Tingvoll økopark 1,5 mill kr
  • Nordveggen Åndalsnes 1 mill kr
  • Ungdomsfiskeordninga 720 000 kr
  • Plassen/Molde Kulturbygg 1,5 mill kr
  • Prestaksla, byggetrinn 2 – 600 000 kr
  • Restaurering «Galeasen Søblomsten» – samla 4 mill kr
  • Malmedal bilsportanlegg 1,5 mill kr
  • Sjukehuset Nordmøre og Romsdal 70 mill kr

Småtilskotsposten

GassROR IKS har og lenge hatt ein post som har fått namnet «Småtilskotsposten». Ein post som har blitt svært populær blant ulike frivillige lag og foreiningar i Romsdalsregionen. Posten er direkte retta mot mindre tiltak og er tiltenkt frivillige lag og foreiningar og liknande. Her blei det i 2024 innvilga tilskot til heile 91 ulike tiltak med ei samla tilskotsramme på 2,5 mill kr. Eksempel på aktørar som har fått støtte er 4H Hustadvika, Jazzlosjen Junior, Gossen Mannskor, Gapahuk ved Eidsvåg Skole, Bud IL, Molde Gospel og DNT Romsdal med mange fleire. Å kunne bidra med økonomiske støtte til ulike lag og foreiningar er og viktig med tanke på å bygge ein attraktiv region.

Avslutning

Med tydeleg fokus på felles mål og godt samarbeid lykkast ein med å få Ormen til Møre. Etableringa av Nyhamna ilandføringsanlegg har sidan oppstarten i 2007 gitt store, positive ringverknader for Romsdalsregionen. At dei som var med å dra dette i land var så framsynte at dei fekk etablert eit regionalt utviklingsselskap i form av GassROR IKS er imponerande. Gjennom dette selskapet har eigedomsskatten frå Nyhamna kome fleire til gode og bidratt til økt samfunns -og næringslivsutvikling i heile Romsdalsregionen. Selskapet har støtta og vil fortsett stå bak og støtte store regionale prosjekt og ikkje minst har selskapet via Småtiltakspotten bidratt til positiv utvikling og realisering av ei rekke mindre prosjekt og tiltak i regionen vår.

Del artikkelen

Flere artikler